Hotel Alexandra

Hotell søkjer gartnar

Hotel Alexandra i Loen søkjer etter eigen gartnar til sitt store hageanlegg. Hagen vart for få år sidan kåra til den finaste i Sogn og Fjordane, og no skal tydelegvis nivået enda litt opp.

Publisert

Alexandra i Loen er kjent som eit av dei fremste kurs- og konferansehotella i landet, men er i tillegg store både på familiemarknaden og som turisthotell.

Alexandra er kjedefritt, og har sidan 1884 vore eit familiedrive hotell, eigd av familien Grov.

Hotellet har 191 rom og 360 senger.

Stort selskap

Like over vegen ligg Hotel Loenfjord, eigd av Alexandra, med 122 rom og 244 senger. Samla har desse to hotella på den vesle staden Loen åleine halvparten så mange gjestedøgn som alle 11 hotella i Ålesund til saman.

Med andre ord er det inga lita verksemd som no søkjer etter nokon til å ta ansvar for hagen.

Mangfaldig uteanlegg

Hagen kring Hotel Alexandra omfattar alt frå plenar og busker til leikeplass og store blomsterbed. Her er eit nettverk av gangstiar, og aktivitetsområde av mange slag: Tennis, minigolf, boccia, volleyball og badminton. Hotellet har også eiga småbåthamn med robåtar og pedalbåtar, pluss plass til fritidsbåtar av det større slaget.

Powered by Labrador CMS